Spillrom
Sjiraffen | 5 |
Krokodillen | 0 |
Elefanten Turneringsrom | 0 |
Innloggede | 5 |
Mobilspill
Pågående | 8 931 |
Forumkategorier
Brukere | Innlegg | |
---|---|---|
Erik75 - Ikke medlem lenger | 2015-11-05 13:34 | |
Det kan vi. God tur videre! | ||
Niillas | 2015-11-05 14:52 | |
Vi skal til ein stad vi ikkje kan symja til, men mange reiser dit for å symja. Staden er tettstad i innlandet ein stad – og staden er ikkje administrasjonsstad i kommunen han ligg i – administrasjonssenteret ligg om lag 5 km sør for denne staden. Til administrasjonsstaden kan vi koma med tog, og så reise vidare til vår stad med buss. Dei fleste badegjestene kjem nok med bil, vil eg tru. Staden er sentral i den siste romanen til ein nolevande forfattar med djupe røter i dette området – viste det seg. Sjølv kjem han frå ein by i same fylke, men dit kan ein symja. Namnet på staden fortel at han truleg vart folkesett i vikingtida ein gong. I dag bur det noko over 400 menneske her og her er skule og barnehage. Like ved er det nokre åsar som høver fint til turgåing – dei har namn etter staden vår – og namnet er vel opphavleg eit gardsnamn som truleg fortel kven som rydde garden. Namnet han bar, var ein gong eit utbreidd namn – i dag er det ikkje mange her til lands som har namnet – i 2007 var det berre 61 – i eit granneland i aust er namnet meir utbreidd – der hadde 4 806 personar dette namnet i 2007. Stamfaren for ei svært framståande ætt i mellomalderen skal etter segna ha bore dette namnet, og dette har gitt eitt av dei namna ætta er kjend under. | ||
Niillas | 2015-11-06 12:14 | |
Namnet har også vore nytta i den fremste ætta i landet i aust i våre dagar - ein av namneberarane var med på å få heim folk som hadde vore i fangenskap - og sjefen for ætta har også dette namnet som eitt av fleire. | ||
Erik75 - Ikke medlem lenger | 2015-11-06 23:17 | |
Hmmm.... Jeg antar at det siste hintet mynter på Wallenberg, og at vi ellers er å Norge et sted, men der stopper det helt for meg. | ||
Niillas | 2015-11-06 23:49 | |
Nei - du må nok ein del høgare i rangordninga. Men - ætta er svensk - eller har i alle høve vore det eit par hundre år - og vi er i Noreg. | ||
Niillas | 2015-11-07 13:17 | |
Det skal kanskje godt gjerast å finne fram til namnet på tettstaden, så vi får seia oss nøgde om nokon kjem fram til namnet på staden folk kjem til for å bade. Og staden ligg altså inne i landet ein stad - ikkje så langt frå ein jernbanestasjon. Og ein forfattar frå nabofylket i aust (ikkje i same fylke - beklagar) vart ein av våre fremste forfattarar fødd for ein del tiår sidan. Ein forfattar som har skrive om tilknytinga slekta hans har til denne staden - altfor mange sider meinte mange - akkurat mange nok spør du meg. Men om du skal sjå forfattaren, er det tryggast å reise til ein annan innlandsstad -ein ganske mykje større stad - hovudstad noko lenger sør eller til hovudstaden i landet vi er i. | ||
Egentia | 2015-11-07 14:36 | |
Er forfatteren Carl Frode Tiller ? | ||
Niillas | 2015-11-07 17:55 | |
Nei - vi er nok mykje lenger sør i landet - og vår forfattar er nesten ein menneskealder eldre enn Tiller. | ||
auau | 2015-11-07 18:03 | |
Eg fer rundt i innlandet, m a Bø, Askim, Hamar der går det an å symja, men det passar elendig med buss, jernbane og alle dei andre spora. Men flott oppgåve og når løysinga kjem, er ho så sjølvsagt! Men eg finn altså ikkje fram, hadde ikkje venta det heller! | ||
Niillas | 2015-11-07 18:50 | |
Du nemner rett stad der vi må gå av toget - og så er det nokre minuttar med buss før vi er framme - det er sjølvsagt mogeleg å gå, men det er vel litt for langt til at særleg mange vel den løysinga. Staden der vi må gå av toget, ligg i ein kommune der du - auau - og eg ville hatt ein føremon om vi skulle søkt lærarpost. | ||
AaseB | 2015-11-07 19:11 | |
Er forfattaren Dag Solstad, tru? | ||
Niillas | 2015-11-07 19:18 | |
Ja - det stemmer. | ||
Niillas | 2015-11-07 19:20 | |
Ja - og han er fødd og oppvaksen i grannefylket jamvel om delar av slekta hans heldt til nett på den staden vi er no. | ||
AaseB | 2015-11-07 19:33 | |
"Det uoppløselige episke element i Telemark i perioden 1591-1896" heiter boka. Eg kjenner godt til delar av den slekta som kjem i frå Bø, Sauherad og Heddal. Eg trur du har landa i Telemark Sommarland i Bø. | ||
AaseB | 2015-11-07 19:34 | |
...som ligg i tettstaden Folkestad. | ||
Niillas | 2015-11-07 19:54 | |
Det var ikkje verst, AaseB. Folkestad i Bø er vel ikkje ein stad så veldig mange veit om. Her har truleg ein Folke rydda gard ein gong i vikingtida - og han delte namn med grev Folke Bernadotte som var med på å organisere dei kvite bussane som frakta danske og norske konsentrasjonsleirfangar heim. Ein anna namnebror er kong Carl Gustaf Folke Hubertus. Folkestad er ein viktig plass i vestfoldingen Dag Solstads siste roman, "Det uoppløselige episke element i Telemark i perioden 1591-1896". God tur vidare, AaseB. | ||
AaseB | 2015-11-07 19:59 | |
Takk, eg var vel nesten inhabil her, bur ikkje langt unna. Da blir det tenking igjen. | ||
AaseB | 2015-11-07 20:33 | |
Dette blir en veldig kort en: En norsk musiker, med et artistnavn som aldeles ikke høres norsk ut, ga for et par år siden ut ei plate med en protestsang som hadde navn etter en provins på et annet kontinent. Det var hans reaksjon på et norsk stort selskaps massive utnyttelse av naturressurser, blant annet i dette området. Hva heter provinsen? | ||
AaseB | 2015-11-08 11:28 | |
Kanskje det var litt vel knapt. Om en ikke kjenner til denne dyktige, men kansje ikke så kjente artisten blir det vel umulig å finne ut av. Provinsen vi skal fram til har et folketall på drøye 4 mill, noe som gjør den til den 4. største provinsen i landet i så måte. Naturressursene som blir utnyttet i her forårsaker naturødeleggelse og sykdom hos urbefolkningen, ligger i området rundt hovedstaden. En annen by i denne provinsen var i medias søkelys særlig i årene før og etter 1988. Landet provinsen ligger i har vi hørt mye om nå i det siste i forbindelse med en politisk nyhet som i alle fall jeg blir litt optimistisk av. | ||
Erik75 - Ikke medlem lenger | 2015-11-09 14:05 | |
Kan det være Alberta i Kanada? | ||