Spillrom
Sjiraffen | 9 |
Krokodillen | 3 |
Elefanten Turneringsrom | 0 |
Innloggede | 12 |
Mobilspill
Pågående | 9 095 |
Forumkategorier
Brukere | Innlegg | |
---|---|---|
Niillas | 2015-12-30 11:32 | |
Nei - men det er snakk om ei nynorsk ordsamling, meir kjend iog brukt i dag enn Aasen si. Læraren og ordboksforfattaren er to ulike personar - frå same kommune. | ||
Niillas | 2015-12-30 13:31 | |
Læraren - som altså er meir kjend som noko anna - har for øvrig ei sterk tilknyting til dei tre som reiste til Kongens by som vi høyrde om i ei oppgåve for nokre dagar sidan. | ||
Egentia | 2015-12-30 13:33 | |
Tror vi er i Fjaler, men finner ikke kvinnen og skolen her.. | ||
Niillas | 2015-12-30 14:23 | |
Vi er i Fjaler. I 1869 grunnla Nikka Vonen ein pensjonatskole for unge jenter i Dale. Skulen var ein pionerskule for utdanning av jenter frå 'de dannede klasser'. I dag er vel - så vidt eg veit - ingen slike skulat i drift i Noreg. Forfattaren av songen om gåsa, katten og hanen som drog til København, Jakob Sande, er herifrå. Han var norsklektor på Ullern i Oslo i mange år og hadde mellom andre Kåre Willoch som elev. Willoch har skrive om læraren sin og sagt at Sande "formidlet både nynorsk språksans og god følelse for denne språkformen til oss". Alf Hellevik - forfattaren av Nynorsk ordliste, som vel dei aller fleste norske skuleelevar har røynsle med, er også frå Fjaler. | ||
Niillas | 2015-12-30 14:23 | |
Du har altså kome fram til rett stad igjen, Egentia. God tur vidare! | ||
Egentia | 2015-12-30 16:59 | |
Takk for det Niillas - vi drar videre - og hit kan vi svømme. Vi skal til en by som lever i beste velgående i dag og som er godt over 1000 år. En gang et senter for handel av alt fra hvalrosstenner til treller - men også et sted for mye uro. Slottet i byen ble et strategisk forsvarsverk men ble bygget av en annen makt enn den som regjerer idag. Her er godsaker i fleng i dag (ihvertfall i manges ganer) og byen er også kjent for en kulturell skatt. Neste år feires et stort jubileum her - en av opphavsmennenen til det som feires var fra New York. | ||
Niillas | 2016-01-01 16:13 | |
Det kunne vera Dublin. Ein gong eit vikingsenter der det sikkert vart omsett både trælar og kvalrossbein. No i år er det 100 år sidan påskeopprørert, og det blir nok markert. Det irske miljøet i USA var aktive i planlegginga av opprøret. Av kulturelle skattar er det vel fleire, men eg tenkte på Trinity College, særleg biblioteket der ein finn Book of Kells. Både whiskey og øl skulle det vel vera nok av her for dei som likar slikt. Men om alt ser ut til å høve, er det jio likevel mogeleg at det høver like godt på ein annan plass også. | ||
Egentia | 2016-01-02 11:42 | |
Du har kommet fra igjen Niillas - det er Dublin og det var Book of Kells jeg tenkte på. Det er 100 år siden påskeopprøret i år, og jeg har akkurat lest boken om den svarte Vikingen som solgte sine hvalrosstenner her, og hentet sine treller. *God tur videre. | ||
Niillas | 2016-01-02 12:04 | |
Takk for det, Egentia. Vi sym vidare - til ei øy som mange nok har sommarminne frå – både trivelege og mindre trivelege vil eg tru. Øya ligg i ein øykommune, men det er ein annan kommune som eig henne og sender sommargjester dit. No for tida er det berre om sommaren det er menneske på øya – inntil for rundt tretti år sidan var det annleis. Stemninga slik ho kunne vera på øya om sommaren, er skildra i ord og tonar av ein som sjølv nok har opplevt slikt – kanskje ikkje akkurat på denne øya – det seier ikkje songen noko om. Ein lyrikar som var kjend og nok også omstridd i samtida, er fødd her. Mange av dikta hans skal vera inspirerte av naturen her. Etter at han døydde, vart det funne ein del etterlatne nedteikningar som ikkje akkurat har hjelpt til eit positivt ettermæle. | ||
contender | 2016-01-02 18:46 | |
Nå gjetter jeg vilt - kan det være Bastøy? | ||
tovas | 2016-01-02 19:35 | |
Eller Hudøy,øy i vestfold,eies av oslo kommune,feriekoloni,lille bjørn nilsens sang.....? | ||
Niillas | 2016-01-02 19:49 | |
Hudøy er rett. God tur vidare, tovas. | ||
tovas | 2016-01-02 21:36 | |
Vi drar til det som idag er et kjent turistmål, hvor det for mer enn hundre år siden ble utkjempet et sjøslag;enkelt sagt: ny tid mot det gamle. Slaget er omtalt i kjent norsk roman. | ||
tovas | 2016-01-02 21:36 | |
Vi drar til det som idag er et kjent turistmål, hvor det for mer enn hundre år siden ble utkjempet et sjøslag;enkelt sagt: ny tid mot det gamle. Slaget er omtalt i kjent norsk roman. | ||
Niillas | 2016-01-02 21:59 | |
Kan vi vera i Trollfjorden? | ||
tovas | 2016-01-02 23:45 | |
Ja:) 1890,slaget mellom robåtfiskerne og dampbåtene.skildret i Den siste viking,Bojer. Magisk å seile inn trollfjorden m hurtigrua,anbefales:) | ||
Niillas | 2016-01-02 23:57 | |
Vi har reist sørover og hamna på ein annan plass som mange nok kjenner frå litteraturen – som ein stad der draumar vart til beisk røyndom. Namnet finn vi mange stader i landet, og det viser truleg til at det på desse stadene har vore gardar med mange og flotte bygnader. Vår stad har vore sete for framståande menn – både i skjønnlitteraturen og i det verkelege livet. Ein av personane som har ått staden, skal ha vore den sterkaste mannen og den beste bogeskyttaren i landet. I dag er det lite att av hovdingsetet, men kyrkjeruinar fortel om det som ein gong var. Ein av fiksjonspersonane som er knytt til denne garden, har fått sitt eige arrangement – og det blir halde om lag på same tid ein gong på sommaren kvart år i bygda der det gamle hovdingsetet ligg. | ||
Cygnus | 2016-01-03 05:50 | |
Einar Tambarskjelve var vel best så da antar jeg du er i Trøndelag. | ||
Cygnus | 2016-01-03 05:50 | |
I Skaun altså. | ||
Niillas | 2016-01-03 10:23 | |
Ja, vi er i Skaun - og garden heiter? | ||