Spillrom
Sjiraffen | 19 |
Krokodillen | 1 |
Elefanten Turneringsrom | 0 |
Innloggede | 20 |
Mobilspill
Pågående | 8 450 |
Forumkategorier
Brukere | Innlegg | |
---|---|---|
Niillas | 2015-04-20 18:20 | |
Ein kjend litterær figur dreiv jo jo også rundt 'I blinda' - eit par fylke lenger nord langs kysten. | ||
contender | 2015-04-20 22:26 | |
Det skulle vel aldri være Molde? Med jazzfestival og Bjørnson-festival? Edvard Hoem, Bjørnson, Jo Nesbø er forfattere som har tilknytning til byen. Hoem har kanskje skrevet en biografi om Bjørnson, som har vært død i hundre år? | ||
Niillas | 2015-04-20 23:27 | |
Helt rett! I tillegg til dei du nemner, har Nini Roll Anker og Alexander Lange Kielland tilknyting til byen. Roll Anker var fødd der, og Kielland budde der som amtmann ei stund. Ja - og så Ibsen sjølvsagt - han skreiv Rosmersholm på Moldegård. God tur vidare, contender. | ||
contender | 2015-04-21 19:20 | |
Vi drar til en innlandsby, så vi kan ikke svømme hele vegen. Det er en universitetsby, gammel, grunnlagt ved en kilde. Byen er kjent for sine mange fontener. Byen ligger på en slette, men ikke langt fra byen ligger et fjell og ruver for seg selv. En kjent maler, som bodde i vår by avbildet dette fjellet bortimot hundre ganger. Maleren hadde en venn, som også var kunsnter, men innenfor en annen gren. Denne kunstneren var samfunnsengasjert, og minst en gang anklaget han myndighetene for noe vi i dag ville kalle brudd på menneskerettighetene. | ||
contender | 2015-04-21 23:22 | |
Jeg får visst spe på med litt flere opplysninger: De to kunstnerne døde for ca. 100 år siden. Den saken som den andre kunstneren engasjerte seg i, dreide seg om et justismord. Kunstneren ble faktisk dømt til ett års fengsel for å beskylde myndighetene for å ha dømt en uskyldig - og holde tilbake bevis som kunne frikjent den dømte. Vå kunstner rømte til et annet land og fortsatte kampen derfra. Mannen ble til slutt frikjent. For ordens skyld; denne kunstneren var ikke født i vår by, og jeg tror ikke han bodde der, i alle fall ikke på den tiden denne saken pågikk. | ||
Niillas | 2015-04-22 00:34 | |
Det er vel Dreryfus-saka du tenkjer på - og da er kunstnarane Cézanne og Zola. Cézanne var fødd og levde i Aix-en_Provence - ein by der mange har vore for å shine opp fransken - og Zola vaks vel opp der. | ||
contender | 2015-04-22 09:44 | |
Helt riktig, Niillas! Fjellet heter Montagne St. Victoire. God tur videre! | ||
Niillas | 2015-04-22 12:05 | |
Dreryfus skal sjølvsagt vera Dreyfus. Vi skal til ein stad som ligg ved to lange ferdselsårer – den eine har lege der svært mykje lenger enn den andre, men det er den yngste som førte til at staden tok til å vekse. At den lengste av desse årene har vore nytta til ferdsel i svært lang tid, veit vi ettersom det eldste kjende framkomstmiddelet av den art som vert nytta på slike ferdselsårer, er funne her. Ei mindre ferdselsåre fanst også – og ein ganske liten del av ho finst framleis jamvel om ei ferd på den åra ikkje fører nokon stad i våre dagar – likevel gjer ein del ferda – for å oppleva noko som var, kanskje. Ein av dei mest kjende og lengsttenande militærpersonane i landet kjem frå kommunen denne staden er administrasjonssenter i – på ein måte – eigenleg kjem han frå grannelandet i aust. Også for fleire hundreår sidan heldt fleire av kongens menn til her – både kjende og rike. Dei var i slekt og har namn etter staden. Merket deira blir brukt også i dag – både her i kommunen og i grannelandet i aust der ætlingar framleis lever. | ||
Erik75 - Ikke medlem lenger | 2015-04-23 13:03 | |
Jeg tenkte på den gamle kongeveien, men fant ikke noe som passet der, så da er vi kanskje ikke i Norge? | ||
Niillas | 2015-04-23 14:04 | |
Vi er i Noreg. Den eine ferdselsåra er nok mykje, mykje eldre enn den gamle kongevegen, og den andre er ein del yngre. 'Det eldste framkomstmiddelet' tyder 'det eldste i dette landet'. | ||
auau | 2015-04-23 17:28 | |
Kan det ha noko med Nordmannslepene å gjera, tru? Der er iallfall gravrøyser. Men truleg er eg på villspor nokk ein gong. | ||
bearo | 2015-04-23 17:48 | |
Immigranten Nittoettan (sic?) Karlsson som har tent kongeriket lenge? Ved Glomma finn ein i alle høve Sørumsand som høver ganske bra. | ||
Niillas | 2015-04-23 19:11 | |
Du har nok ein gong hamna på rett plass, bearo. Kongsvingerbana, Tertitten og Glomma er ferdselsårene. Kommunevåpenet syner ei rose som også var på våpenskjoldet til Sudreimsætta - og Sudreimsætta heldt sjølvsagt til i Sudreim - Sørum. I dag bur dei i Sverige og heiter visst Roos af Hjelmsäter. God tur vidare! | ||
bearo | 2015-04-24 20:18 | |
Vi køyrer på vestlege vegar frå sør i landet vi er i. Like før vi er framme dykker vi djupt før vi kjem opp igjen nære vår destinasjon. Vår stad har eit namn vi finn igjen ein variant av hos ein øyhovedstad, og det er ganske grei skuring å trekke konklusjon om korleis dei presumptivt fann på namnet. Staden er ikkje by i seg sjølve, men er sentrum i ein by. Her bur innbyggara på linje med ein norsk småby, men likefullt meir enn i øyhovedstaden. Preposisjonen ein nyttar om å vere her er på. | ||
bearo | 2015-04-27 16:26 | |
Hadde vi skulle fram til bykommunen kunne vi ha hatt ein rebus med bilde av rapparen Capital D. | ||
Cygnus | 2015-04-27 17:28 | |
Du er en gåte, bearo - iallefall for meg! men gleder meg til å se svaret! | ||
bearo | 2015-04-27 22:18 | |
Landet vi er i har tre offisielle skriftspråk. Staden vi er i skal vere den største tettstaden i landet der kommunen svergar til det nest største av språka. | ||
Emmas | 2015-04-28 16:29 | |
Er vi i Norge da? I nærheten av Ålesund? | ||
Cygnus | 2015-04-28 17:40 | |
ellers kunne Lervik/Lerwick passe og på Stord bruker de nynorsk (men Ålesund er da større så det passer ikke slik) | ||
bearo | 2015-04-29 02:55 | |
I følge mine papir (wikipedia) har Ålesund valgt seg nøytral målform. Ein dukkar vertfall ned gjennom Bømlafjordtunellen om ein køyrer sørfra med mål om å ende opp på Leirvik. | ||