Spillrom
| Sjiraffen | 7 |
| Krokodillen | 0 |
| Elefanten Turneringsrom | 0 |
| Innloggede | 7 |
Mobilspill
| Pågående | 8 447 |
Forumkategorier
| Brukere | Innlegg | |
|---|---|---|
| risgubben | 2018-10-09 14:47 | |
![]() | Det skal ikkje stå på pengar til fornying. Eg trår til med sju millionar kroner, som eg nett har arva etter ein ukjent onkel i Nigeria. Men du må dekke åtti tusen kroner til advokathjelp der nede først. Småpengar! | |
| Cygnus | 2018-10-09 14:54 | |
![]() | Hjalmar skulle nett til å svare men vart ståande som forsteina og stira forbi dei med forskremde auge og så svima han av. | |
| Krepsefrua | 2018-10-09 15:24 | |
![]() | Då han kom til seg sjøl , såg han rett inn eit par bekymrede auge, Det var Perly . Ho hadde fått hjelp til å få han Hjalmar inn i stova og ned på sofaen.Perly, e da virkelig sant? Eg drøymer ikje? | |
| epleskall - Ikke medlem lenger | 2018-10-09 17:38 | |
![]() | No gjekk det trill rundt for Hjalmar pelsdyrbonde. Alt han ønska seg var eit roleg og forutsigbart liv. Plutseleg var han kjendis på ein måte, djupt forrakta av dyrevener over heile landet, ja, kanskje i heile verda! Og Perly! Kva ville ho eigentleg? Var alt dette berre uttrykk for ein sterk motstand mot pelsdyrnæringa? Eller kanskje ho var gått lei av Steinar vaktmeister, byguten som ho hadde fått til bygda? Steinar ja.... han var jo svært så alternativ, åt ikke kjøt til dømes. Ein svermar frå byen med nye tankar og idear. Irriterande nok hadde kommunen fått ein pris for den flotte, tilrettelagde leikeplassen kring skulen, som Steinar hadde laga. Argh! Alt var så mykje betre før, stønna Hjalmar. | |
| Anitapita | 2018-10-09 20:54 | |
![]() | Lækjaren kom inn døra. Korleis går det, Hjalmar? sa ho, og sette seg på armlenet på sofaen. Eg høyrde du var medvitslaus ei stund? I hovudet til Hjalmar var det særs kaotisk. Han vart overvelda av mismot den eine augneblinken, for så å kjenne kamphugnaden komme attende den neste. Steinar var godt mogleg god til å lage leikeplass, men han, Hjalmar, var no, når sant skulle seiast, og det skulle det, mykje kjekkare å sjå til. Han var godt nøgd med speglbiletet sitt. Eg skal vinne Perly attende! sa Hjalmar til lækjaren. Perly stod framleis i rommet, og kvapp då ho høyrde orda til Hjalmar. | |
| epleskall - Ikke medlem lenger | 2018-10-09 23:05 | |
![]() | Perly gjorde som ho ikkje høyrde det, men smilte for seg sjølv og tenkte sitt. Lækjaren stira ut i lufta, blikket hennar stivna eit sekund, så smilte også ho for seg sjølv. Aha, tenkte ho. Så det har vore noko mellom Perly og Hjalmar tidlegare! Det visste ho ikkje, innflyttar til bygda som ho var. I sitt indre såg ho for seg Steinar, denne kjekke og virksame vaktmeisteren som ho hadde eit godt auge til. Kanskje........ | |
| Krepsefrua | 2018-10-10 00:02 | |
![]() | Nei, nei, tenkte ho, han er off limits , slutt å tulle og gjer jobben din! Perly takka doktoren for hjelpen og sa det var på tide å komme seg heim til sitt eget. Ho hadde tross alt mann og barn. Ho sa fra til Hjalmar at ho måtte komme seg avstad. Hjalmar blei unekteleg skuffa og kunne ikkje dy seg for å gjere seg te for Perly, og laga eit såra stakkars lille meg uttrykk i andletet., og kikka på Perly. | |
| Anitapita | 2018-10-10 00:34 | |
![]() | Perly kjende godt blikket til Hjalmar. Ho drøymde seg attende til ungdomsåra, då ho og Hjalmar hang i hop dag som natt. På den tida var det sjølvsagt at det skulle bli dei to, men slik skulle det altså ikkje gå. No vart lengten så framtredande at ho ikkje lenger klarte å døyve kjenslene sine. Og samstundes vart ho, atter ein gong, mint om den store løyndomen sin. | |
| epleskall - Ikke medlem lenger | 2018-10-10 12:52 | |
![]() | Hjalmar låg framleis på sofaen idet Perly gjekk ut døra. Han reiste seg og byrja å leite i platesamlingen sin frå 80-tallet. Lionel Richie - All night long var det som skulle til no. Han sette på plata, han hadde kjøpt ny platespelar for eit par år sidan, for han likte å høyre på desse gamle LP-platene sine. Det var dessutan in med platespelar for tida, så der var han for ein gong skuld i takt med hipsterar og all slags. All night long..... strøymde ut frå høgtalaren og minnene med. Det var nesten ikkje til å bere. Kor han sakna den tida! Hjalmar og Perly. Perly og Hjalmar. Viss berre....! | |
| Krepsefrua | 2018-10-10 16:02 | |
![]() | Plutseleg fekk han ein glimrande ide! Oppe på loftet hadde han ei eske med forskjellige suvenirar som han og Perly hadde samla på, frå alle turene dei reiste på saman. Han skulle få Perly på besøk igjen, han måtte bare finne ein orsaking til å få henne dit. Esken skulle han plassere midt på bordet, slik at ho ikkje kunne unngå å se den. Han skulle servera det beste ho visste, nemlig , varm eplekake med is. Det var ikkje nokon som lagde det betre enn han ! | |
| Anitapita | 2018-10-10 23:34 | |
![]() | Som tenkt, så gjort. Hjalmar gjekk ut og plukka åtte fine, raude eple, som han skrella og kutta i terningar. Han la dei i sitronvatn slik at dei ikkje skulle verte brune. Hjalmar hadde ikkje laga eplekake sidan han og Perly braut, men han kunne framleis oppskrifta utanåt. Seinare den dagen skulle Hjalmar tenke tilbake på dei siste timane med stor undring. | |
| Krepsefrua | 2018-10-11 11:59 | |
![]() | Hjalmar kjente han var sliten no. Heile dagen hadde vore eit einaste kaos og mye hadde skjedd. Han tenkte at han fekk utsetje kakebakinga til i morgen. Det var mykje å rydde opp i etter alle minkane hadde forsvunne. Like greit, tenkte han med seg sjøl, han var eigentlig lei av heile driten. No skulle han ut å få litt frisk luft. Då han såg seg rundt utenfor, blei han heilt rådlaus, kor skulle han starte, det var så mykje å ta fatt på. Han fekk auge på noko som røyrde på seg i graset. Han kikket nærmare og fant ein litt tufs kattunge. Men ka har skjedd med deg lille venn, sa Hjalmar til kattungen. Han undersøkte ho, og lå merke til at ho var nokså utmagra. Kom her du, så skal eg få deg inn i varmen stakkars liten. | |
| epleskall - Ikke medlem lenger | 2018-10-11 21:26 | |
![]() | Den mjuke sida av Hjalmar kom fram. For eigentleg var han ein dyreven, men han skilde mellom husdyr og driftsdyr. Kvifor er det slik at hundar og kattar til dømes får leve gode hunde- og katteliv, medan pelsdyra lever eit kort liv, innestengde i eit bur, for så å verte avliva pga pelsen sin? Hjalmar vart ståande og tenkje medan han klappa på den vesle krabaten. Kanskje Perly og desse andre hadde rett tross alt? At dyr skal få vere dyr, på sine premisser, tenke han. Han var oppgitt og trøyt men også provosert. Alle minkane sprang no rundt på fri fot, som om det var ei god løysing? Brått blei han vàr to personar som sto på trappa hans. Det var øvrigheita! Dei ville høyre hans versjon av saka. Perly og aksjonistgjengen ville bli sikta for miljøkriminialitet. Akk! Det også, tenkte Hjalmar. | |
| epleskall - Ikke medlem lenger | 2018-10-13 00:27 | |
![]() | Men verre skulle det bli. Seinare kjem Hjalmar til å bli skulda for drap. Foreløpig veit ikkje Hjalmar det. Han veit heller ikkje at det ligg ein veneførespurnad og venter på han på facebook. Han kjem til å godta veneforespurnaden. Og då er helvetet i gong. | |
| Anitapita | 2018-10-14 16:58 | |
![]() | Steinar spring så fort han er mann til. Han er svært oppskaka og rådvill. Han høyrer Perly si røyst, om att og om att; Korleis kunne du?? | |
| Cygnus | 2018-10-14 17:20 | |
![]() | Nei, det var ikkje anna å gjere enn å hente våpen og få Perly ut av arresten, og helst bort herfrå og frå Hjamar (Hjalmar som hadde språkfeil - premissAR, heiter det jo, Hjalmar!) Opp på loftet, ned att med to gevær, og så på veg til lensmannen. | |
| Anitapita | 2018-10-14 22:21 | |
![]() | "Dei drepne er no identifiserte, og fengselet er opna att etter hendinga", sa radioreportaren med alvorstynga røyst, før han sette i gang "I`m a Barbie Girl". Lensmannen song med for full hals, medan han hoppa høgare og høgare på trampolina. | |
| epleskall - Ikke medlem lenger | 2018-10-22 21:09 | |
![]() | Å nei og nei! Korleis kunne det ha seg at to pelsdyrmotstandarar låg drepne på tunet, delvis under rhododendroen, til Hjalmar? Kven var mordaren? Hjalmar sjekka facebook som snarast og der var det jammen meg ein veneførespurnad frå ei deilig dame. Angelica Mãrkel. Ho såg utanlansk ut. | |
| epleskall - Ikke medlem lenger | 2018-10-22 21:10 | |
![]() | utanlandsk, sjølvsagt..... skulle det vere... | |
| epleskall - Ikke medlem lenger | 2018-10-27 23:56 | |
![]() | Det var som pokker! Ordspelaren Chiraff banna og svor. No hadde Epleskall oppretta enda ein tråd. Om Kir! Den ekle drykken. Han hamra i veg på tastaturet. Etterpå gjekk han ut i mørket. Han hadde solbrillene på, som alltid. Før han visste ordet av det, var han komen til ein slags gard. Det sprang all slags små skapningar rundt omkring. Det var visst rev? Eller mink? Kva pokker gjer dei ute såpass seint? Og kvar var bonden som eigde dei? Let han dei springe på sjølvstyr? Og skreme uskuldige turgåarar! Rett som det var så kom det to personar mot han. Han drap dei. Så stakk han heim igjen. | |




