Spillrom
| Sjiraffen | 8 |
| Krokodillen | 0 |
| Elefanten Turneringsrom | 0 |
| Innloggede | 8 |
Mobilspill
| Pågående | 8 447 |
Forumkategorier
| Brukere | Innlegg | |
|---|---|---|
| epleskall - Ikke medlem lenger | 2018-10-28 00:26 | |
![]() | Kven var dei drepne? Å, nei! Det var Ritalina og JamesO. Det var ikkje til å tru. Det var Hjalmar som fann dei. Han hadde aldri møtt dei, men han hadde spela mang ein runde med dei på ordspel.no. Korleis hadde det seg at nett dei to låg drepne på gardsplassen hans? Ritalina, ja, ho var jo ein erklært pelsdyrmotstandar, det var ein kjent sak. Men JamesO? Hm, jo det måtte henge saman med den nye smartmålaren han hadde fått installert i forrige veke. JamesO var ein ivrig smartmålarjeger. Hjalmar la to og to saman og fekk Chiraff! Det måtte vere han. Ingen annan var meir forbanna på nettopp Ritalina og JamesO, for alle dei trådane og innlegga dei hadde skrive i forumet. Det var aldri fred å få, tenkte Chiraff. At han berre kunne ignorere både strålingstrådar og andre trådar, fall han ikkje inn. Hjalmar vart lei seg. Kvifor ville Chiraff leggje skulda på han? | |
| epleskall - Ikke medlem lenger | 2018-10-28 00:34 | |
![]() | Sånn gjekk det til at Hjalmar vart arrestert for dobbeltdrapa. Mens han sat i varetekt, pakka Epleskall ein liten koffert og reiste til dalstroka innafor, til garden hans Hjalmar. Epleskall ville sjå staden der systera blei drept. Samtidig pakka Aran ein liten koffert og reiste heilt frå nord til dalstroka innafor, for han ville også sjå kor broren blei drept. Epleskall og Aran kom samtidig til gjestehuset i bygda, dei sjekka inn med fem minuttars mellomrom. - Epleskall! ropa Aran. - Aran! skrålte Epleskall. Endeleg møtes me. - Herlighet, sa Aran, eg trudde du faktisk var mann? - Neida, mann! Eg er da ikkje det, svarte Epleskall. Men tru meg, eg har større ballar enn menn flest. - Ja, det kan eg tru, mumla Aran. | |
| epleskall - Ikke medlem lenger | 2018-10-28 11:46 | |
![]() | Neste morgon dro dei avgarde til Hjalmar sin gard. Rett før dei var framme, stoppa dei plutseleg. Dei skvatt! I alle fall litt. Rett foran dei sto det ei vaktbikkje. Vaktbikkja bar namnet Cygnus. | |
| Cygnus | 2018-10-28 12:09 | |
![]() | Cygnus flekte tenner og knurra så Epleskall og Aran (som nok ikkje var så modige som dei hadde trudd) tok beina på nakken og sprang. | |
| epleskall - Ikke medlem lenger | 2018-10-28 12:21 | |
![]() | For dei ville jo ikkje ha rabies. Vel inne på tunet hans Hjalmar la dei seg på bakken og kika opp i lufta. Aran knaska på eit eple og ga skallet til Epleskall. For han likte ikkje å få epleskall mellom tennene. - Kva var det? spurde Aran. - Ja, kven kan det vere? undra Epleskall. Ei stemme! Fra oven! - Kven er du? spurde dei begge i kor. - Martin S, svarde stemma. - Herlighet! utbraut Epleskall. | |
| epleskall - Ikke medlem lenger | 2018-10-28 12:47 | |
![]() | Kvar er Abelon når me trenger ho? - Kan du ringe ho, spurde Aran, - eg vil ikkje bruke mobiltelefonen min meir enn høgst nødvendig pga strålefare, fortsatte han. - Så du syns det er betre at andre vert bestråla, tenkte Epleskall, men ho sa ingenting for ho ville ikkje øydeleggje den gode stemninga. Ho fiska opp mobilen og ringte Abelon. - Hallo? Epleskall høyrde ei andpusten stemme. - Det er Epleskall, sa Epleskall, kva gjer du på, du er så andpusten? - Eg har nett tevla med Erik75 i handbak. Eg vann. - Ok, gratulerer, sa Epleskall. Mens ho lurte litt på kvifor Abelon og Erik var saman ein sundag formiddag i oktober. | |
| epleskall - Ikke medlem lenger | 2018-10-28 22:01 | |
![]() | I mens sat Hjalmar og dura på med favorittdiktet sitt. Han messa det om att og om att inne i hovudet sitt. Diktet: «Pelsdyrkonsulent på friarfot» / Jon Hjørnevik "Har sett din annonse, i Pelsdyrnytt, der pelsglad vær, søkjer pelsglad skytt. Så no sit eg på stølen, med kunnskap om rev, eg stirrar ut glaset, og skriblar eit brev. Ja her bur eg einsam, i ein livsfarleg skrent, eg er førti, ungkar, eg er pelsdyrkonsulent. Eg fortell ikkje alt, men gir deg eit vink, eg har hår på ryggen, og luktar litt mink. Eg er passe livsglad, er ein stillferdig fyr, eg har aldri hatt kvinnfolk, men har omsorg for dyr. Eg vonar me lukkast, i kjærleikens kunst, bill.mrk Kåre, stinkdyr i brunst." Så fint eit dikt! Nett som at det handlar om meg, tenkte Hjalmar. | |
| epleskall - Ikke medlem lenger | 2018-10-31 16:00 | |
![]() | Det banka på døra til Hjalmar. Utanfor sto Epleskall og Aran. - Nei, sjå der gut, sa Hjalmar, to legendariske ordspelforum-skrivarar! - Heia, sa Epleskall og Aran, me kjem for å halde deg med selskap. - Javel, kom inn, kom inn, sa Hjalmar. Glad for å endeleg få litt besøk. Dei rigga seg til i stova. Aran plukka opp pc-en sin og sette i gong med å surfe på nettet. På youtube. Han søkte etter sex-videoar som vanleg. Han utfordra Epleskall til å kome opp med forslag til søkeord, men ho var ikkje interessert i sex-videoar. - Eg likar best å praktisere sjølv, sa ho. - Ah, eg og, sa Hjalmar forhåpningsfull. Epleskall kika på Hjalmar, han såg slett ikkje verst ut til å vere pelsdyrbonde. Ho hadde aldri rota med ein pelsdyrbonde før, ikkje ein vanleg bonde heller, men ho tenkte "first time for everything" eller noko sånn og sende han eit utfordrande, spørjande blikk. Hjalmar nikka og smilte for seg sjølv. - Me lyt ha musikk til "arbeidet", sa Epleskall og sette på ei speleliste med funky låtar; Stevie Wonder - Superstition, The Temptations - Papa Was a Rollin' Stone, Elvis - Bossa Nova. - Så bra! flirte Hjalmar. Skjønningen, tenkte Epleskall. Ei god stund seinare vakna Aran ut av video-transen sin og lurte på kor dei andre to var blitt av. Han bevegde seg ovanpå, han gjekk etter lyden. Han banka på ei dør og ropte inn: - Kva gjer dykk? - Me pular, svarte Epleskall og Hjalmar. | |
| epleskall - Ikke medlem lenger | 2018-11-02 17:04 | |
![]() | - Se der du, sa Aran. Meir fekk han ikkje sagt før det storma inn ein tropp politifolk. Dei var bevæpna. - Hendene i været, kommanderte dei. - Kva galt har me gjort? ropte Hjalmar og Epleskall forskrekka. | |
| Erik75 - Ikke medlem lenger | 2018-11-02 17:14 | |
![]() | - Hjalmar har ikke gjort noe galt, sa politimannen som åpenbart var sjefen der. - Men du, epleskall, du må huske at på nettsiden hvor denne historien utspiller seg, så er det et punkt i reglene som sier at det ikke er tillatt å "bumpe" tråder. D.v.s. å hele tiden løfte en tråd med nye innlegg uten at noen andre har svart eller skrevet noe annet i mellomtiden. Epleskall ble hvit i ansiktet og utbrøt : "Jammen....jammen...." - Ingenting "jammen" her, sa politisjefen. Så ble Epleskall påført håndjern og tatt med ned på kammeret, mens Hjalmar ble sittende igjen på en høyball og tenke "Jaja. Det var jo også en slags slutt på denne historien". Og snipp snapp snute, så var eventyret ute. | |
Diskusjonen er arkivert og ikke åpen for nye innlegg.
Viser siden: 1 2 3

