Spillrom
| Sjiraffen | 1 |
| Krokodillen | 1 |
| Elefanten Turneringsrom | 0 |
| Innloggede | 2 |
Mobilspill
| Pågående | 8 434 |
Forumkategorier
| Brukere | Innlegg | |
|---|---|---|
| epleskall - Ikke medlem lenger | 2018-10-08 17:00 | |
![]() | Fortelling Dette er en stafett. En tråd for de som vil være med å skrive en fortelling. Vil du ikke være med å skrive fortelling, så må du nesten la være..... I skrivende stund er det ingen som vet hvilken vei fortellingen tar. For den har jo ennå ikke startet....! Regler: Det er lov å bidra flere ganger, men du får kun skrive 4 - 6 setninger per bidrag. Bidraget ditt må bygge på forrige/tidligere innlegg. Fortellingen handler om en mann som heter Hjalmar Bergkvast. Nå starter den: ************************* ***************** Oppi lia, i dalstroka innafor, bur ein kar som heiter Hjalmar Bergkvast. Han bur der berre nokon få kunne tru at det går an å bu. Hjalmar er pelsdyrbonde, men han bur ikkje heilt åleine på garden sin. Det er han, ein katt og ein hund + alle minkane. Hjalmar likar å sjå på Farmen og Jakten på bondekjærleiken, på TV 2. | |
| Anitapita | 2018-10-08 17:27 | |
![]() | Hjalmar har aldri vore gift, men han hadde ein gong ein kjærast. Ho heitte Perly, og var ljos og fager. Og særs lite glad i pelsdyravl. | |
| epleskall - Ikke medlem lenger | 2018-10-08 17:34 | |
![]() | Rett som det er tenkjer Hjalmar på Perly. Han saknar ho, i alle fall litt. Han drøymer i blant om den tida dei hadde saman. Ein gong i blant treff han på Perly på Samvirkelaget nede i bygda, kor ho jobbar. Ho har gifta seg med han Steinar, vaktmeisteren på skulen. Dei har tre born. Ljose og fagre som Perly, staute og djerve som Steinar. | |
| Krepsefrua | 2018-10-08 17:59 | |
![]() | Han kjenner eit lite stikk i hjartet, og tenkjer at det kunne ha vore kjekt å ha ein familie å komme heim til. Det blei ikkje han og Perly, men det måtte kunne gå an å bli kjeint med ei anna hyggelig jente , men så er det pelsdyr bedriften da, det tar jo mykje utav tida mi, tenkte han med seg sjølv. | |
| Cygnus | 2018-10-08 18:13 | |
![]() | Han seier til seg sjøl at han må verte kvitt pelsdyrbedriften, og som tenkt så gjort. Og alt dagen etter får han tak i flybillettar til Kuala Lumpur, pakkar ein koffert og forlet bygda og den kalde hausten. | |
| abelon - Ikke medlem lenger | 2018-10-08 18:33 | |
![]() | Og i Kuala Lumpur møter han vakre Alauk Rupmul; som gjør ham yr og glad. Hun ber ham så pent om å legge vekk "grautmålet", og gå i gang med integreringsprosessen for å bli en ekte Lumpurer! | |
| epleskall - Ikke medlem lenger | 2018-10-08 18:35 | |
![]() | Slik kan ein pelsdyrbonde drøyme om når dagene vert lange. Å avvikle eit levebrød, ein gard, er ikkje gjort på eit blunk. Sjølv ein pelsdyrbonde skjønar det. Ein er da ansvarleg, trass alt. Han fraus. Han vurderte å sende ei melding til Jeanita som han hadde hatt ein date med i fjor. Det vart med det eine møtet. Det viste seg at Jeanita hadde ein kroppstorleik langt større enn han hadde sett for seg. Han likte både puppar og lår, men alt med måte. Ho hadde to interesser og det var å røykje og syngje karaoke på puben. Favorittsongane hennar var I love rock`n roll/Joan Jett og Grease Ligthning. | |
| Krepsefrua | 2018-10-08 18:58 | |
![]() | Mens han satt der og dagdrøymde, høyrte han et eit kraftig smell nedi vegen rett nedenfor garden. Han vart nysgjerrig og fekk på seg støvlane og sprang ut av døra. Då han kom ned til vegen, blei han reint fælen. | |
| epleskall - Ikke medlem lenger | 2018-10-08 19:01 | |
![]() | Der sto ei gruppe aksjonistar og dei var i gang med å rigge seg til. "Legg ned pelsdyrnæringa" og "Pels er luksusprodukt basert på dyrs lidelse" sto det på bannera. Dei var mange. Unge, engasjerte og fly forbanna. Kva skulle han gjere? | |
| Anitapita | 2018-10-09 01:01 | |
![]() | Brått såg han rørsle i sidesynet. Han snudde seg, og der... der sprang fleire hundre, tilsynelatande særs lukkelege, minkar i veg. Han såg mot dei lange rekkene med bur, som vart tomme eitt etter eitt. Og kven åpna bura? Ei ljos og fager kvinne, med strengt andlet. Hjalmar kjende seg med eitt litt lystig, trass i armoda som gjekk føre seg ikring han. | |
| epleskall - Ikke medlem lenger | 2018-10-09 01:15 | |
![]() | Perly! Du fagre møy, du vakre skapning, du hardtarbeidande, underbetalte butikkdame og trebornsmor! ~ Eg har sakna deg, sa Hjalmar. | |
| Anitapita | 2018-10-09 01:34 | |
![]() | Perly såg hardt på han. Spar meg, din fotsopp, sa ho, det kunne ha vorte oss to, om du ikkje var slik ein stapeis. Tenk om du hadde gitt meg litt meir merksemd den gongen! Men nei - du ville berre klappe på minkane, mens dollarteikna i augene dine vart meir og meir framtredande. | |
| Krepsefrua | 2018-10-09 10:26 | |
![]() | Ja Perly, svarte han, du har heilt rett ! Eigentlig var det for oss to ,for ein god framtid saman, at eg begynte med pelsnæringa, men då eg merka at dette var god business, tok det heilt av og eg vart for ambisiøs og pengegrisk. Eg trudde eg gjorde ein god ting, men eg tok så feil! | |
| epleskall - Ikke medlem lenger | 2018-10-09 10:58 | |
![]() | -Eg tenkte berre på pengar og hadde ikkje tanke for dyrevelferd, fortsatte han. Eigentleg ga han balla i dyrevelferd, men han satsa på at det var nettopp denne setninga som skulle til for å blidgjere Perly. - Dyrevelferd! Fnøys Perly. - Du har da aldri hatt tankar om det. Du og desse SP-politikarane.....! Perly snudde seg i avsky og sa til dei unge aksjonistane: - Lets go! | |
| Anitapita | 2018-10-09 11:22 | |
![]() | Det vart heitt rundt øyrene på Hjalmar den dagen. Riksdekkande medier var til stades. Erna Solberg, Paven og Hege Schøyen var der. Ungdommane hadde førebudd seg særs godt. Hjalmar måtte svare for seg. Han fann dette audmjukande. Kunnskapsløyse prega dei stutte replikkane han kom med. | |
| epleskall - Ikke medlem lenger | 2018-10-09 11:51 | |
![]() | Så kom Liv Signe Navarsete på banen. Ho hadde fått ein sms! Men det var ikkje frå hyttetur-guteklubben-grei -gjengen denne gongen. Meldinga var frå ein pelsdyrkonsulent som ba om hjelp. - De anar ikkje kva dykk snakkar om, freste Liv Signe. Pelsdyrnæringa er ei lovleg næring, prøvde ho seg med. -Ha, veit du ikkje at pelsdyrnæringa skal avviklast? Innan 2025! Triumferte Perly. - Men me vi nektar å vente så lenge. Og så toga både ho og aksjonistane i veg og inntok pelsdyrbruket. Sette seg inn i dei vesle bura i solidaritet med all verdas revar og minkar. | |
| Krepsefrua | 2018-10-09 12:16 | |
![]() | Hjalmar hadde fått kniven på strupen no. Han måtte prøve å finne ein utveg og kome seg ut av elendigheta. Han gjekk mot Erna Solberg. Han visste ho var streng, men han hadde høyrt at ho var ei god meklar. Han hadde ikkje noko å miste, han måtte berre prøve. Han beit tennene saman og gjekk med faste steg. | |
| Anitapita | 2018-10-09 12:40 | |
![]() | Men Erna hadde nok med sitt. Paven og Hege Schøyen greidde ikkje å verte einige om kven som skulle krulle seg inn i buret nærast Liv Signe Navarsete. Dei kjekla så gale at Erna tok nakketak på dei for å roe gemyttane. No har eg moglegheita til å vise kløkt og styrke, tenkte Hjalmar. | |
| Anitapita | 2018-10-09 12:47 | |
![]() | Det må leggjast til at Perly og dei andre aksjonistane trappa Liv Signe inn i eitt av bura før dei sjølve sette seg inn (og Anitapita må lese betre!) | |
| epleskall - Ikke medlem lenger | 2018-10-09 13:27 | |
![]() | Etter to timar i bura avrunda aksjonistane markeringa si. Dei hadde oppnådd det dei ville. Aldri før hadde det vore så mykje folk på Bergkvastgarden. TV 2, Nrk, Dagbladet, VG, ja, alle dei store var her for å dekkje saka. Hjalmar såg seg sjølv på nyheitssendingane, ein tafatt mann, fullstendig i villreie. Kva skulle han gjere? Kvifor måtte dette råke nett han? Det banka på døra. Hunden logra. Det måtte vere kjentsfolk. Der sto Perly. Perly! Ho snakka både på innpust og utpust. Engasjert, oppglødd. - Sjå deg rundt, Hjalmar! Du har store areal, avvikl pelsdyrnæringa, tenk nytt. Start opp med Alpakkabruk i staden. Du kan tene gode pengar på ullproduksjon. Alpakkane er enkle å ha med å gjere. I bakken ned mot vegen kan du plante både epletre og plommetre. Tenk sider! Både med og utan alkohol. Tenk plommevin. Tenk nytt! | |



