Spillrom
Sjiraffen | 19 |
Krokodillen | 0 |
Elefanten Turneringsrom | 0 |
Innloggede | 19 |
Mobilspill
Pågående | 8 753 |
Forumkategorier
Brukere | Innlegg | |
---|---|---|
bladfyken - Administrator | 2021-06-13 17:31 | |
![]() | Sluttspelturnering kl. 20.00 sundag i Elefanten Desse ti er klare for sluttspelturneringa: Torill Ave brikkerigjen bladfyken PEDERPEDER The Kid Scrabla Akebrett Epete Cygnus Dersom det skulle bli fråfall, blir det plass til den første som melder seg, så titt gjerne innom kl. 20 dersom du er fysen på ein eventuelt ledig plass. Kjem det fleire reservar enn det er ledige plassar, delast plassane ut etter sluttstillinga i samandraget for vårturneringane. Får vi ikkje fylt eventuelt ledige plassar, så tek vi inn Tom Luft; med ni kampar i kveld tek vi neppe skade av ein frirunde. :-) Alle speler mot alle, og vi startar med fem rundar standard, før vi tek eit kvarters pause og avsluttar med fire rundar spesial. Alt uranka og i lynfart, sjølvsagt. Velkomne! | |
bladfyken - Administrator | 2021-06-13 22:50 | |
![]() | Resultat. Dei fire første går vidare til semifinalar og (bronse-)finale neste sundag kl. 20. I semiane møtest nr. 1 og nr. 4 i eine kampen og nr. 2 og nr. 3 i den andre. Det skal spelast ein kamp på standard brett og ein på spesialbrett. 1 PEDERPEDER 7.0 1351.6 2 Akebrett 6.0 1716.0 3 bladfyken 6.0 1540.0 4 Epete 5.0 1742.3 5 Torill 5.0 1348.3 6 The Kid 5.0 1259.3 7 Ave 4.0 1533.6 8 brikkerigjen 4.0 1307.6 9 Scrabla 3.0 1059.0 10 Cygnus 0.0 642.0 Beste bingo vart akebrett sin fenomenale GEITJOL (!) | |
AaseB | 2021-06-20 17:49 | |
![]() | Det hele avgjøres altså i kveld. | |
bladfyken - Administrator | 2021-06-20 18:52 | |
![]() | Det gjer det! I kveld kl. 20.00 i Elefanten — og det skjer på denne måten: Semifinalar: 1 PEDERPEDER – 4 Epete 2 Akebrett – 3 bladfyken Det spelast best av to kampar, ein på spesialbrett og ein på standard. Den som er nemnd først i kampen (og som kom best ut av sluttspelrunden) startar første kamp og vel brett. Den andre startar kamp nummer to og vel det brettet som ikkje er spelt. Bronsefinale: Best av to kampar (total margin), ein standard og ein spesial. Den med best margin etter semien startar og vel brett i første kamp, den andre startar og vel det brettet som ikkje er spelt i siste kamp. Finale Best av fire kampar, to standard og to spesial. Den som har best margin etter semien, startar og vel brett i dei to første kampane, den andre startar og vel dei to bretta som er att i dei to siste. Står det 2-2 etter fire kampar, blir det ein femte kamp. Den som har best margin, startar og vel brett (standard eller spesial). Publikum er velkomne til å titte på kampane i Elefanten! :-) | |
bladfyken - Administrator | 2021-06-20 21:32 | |
![]() | Då er det klart at Akebrett er vårens beste ordspillar! Gratulerer!!! Akebrett tok gullet etter ein thrillar av ein finale mot sølvvinnar PEDERPEDER. Etter fire kampar stod det 2-2, og det måtte ein avgjerande femtekamp til. Den vann altså Akebrett. Bronsen gjekk til Epete, som vann bronsefinalen 2-0 mot bladfyken. Gratulerer til medaljevinnarane og takk til alle som har vore med i vårens turneringar! Det blir ei og anna turnering i sommar òg, og kan hende ein liten sommarfinalerunde før haustturneringane kjem i gang for fullt i august ein gong. God sommar og god speling til alle! :-) | |
bladfyken - Administrator | 2021-06-20 21:33 | |
![]() | Resultatliste: 1 Akebrett 2 PEDERPEDER 3 Epete 4 bladfyken | |
Cygnus | 2021-06-20 21:37 | |
![]() | Gratulerer til alle fire! <3 | |
ave - Administrator | 2021-06-20 21:57 | |
![]() | Gratulerer med vel spilt og vel gjennomført! | |
brikkerigjen | 2021-06-20 22:37 | |
![]() | Gratulerer som ordspillmester Ake! | |
Torill | 2021-06-20 22:39 | |
![]() | Gratulerer med velfortjent seier! Kan det stemme at du var den aller første som noen gang fikk tittelen ordspillmester, en gang i fjern fortid? | |