Spillrom
Sjiraffen | 13 |
Krokodillen | 0 |
Elefanten Turneringsrom | 0 |
Innloggede | 13 |
Mobilspill
Pågående | 8 808 |
Forumkategorier
Brukere | Innlegg | |
---|---|---|
Niillas | 2014-06-14 23:55 | |
![]() | Eg vel å tolke 'Kanskje det, kanskje' som 'ja', og reiser vidare . ikkje så veldig langt eigenleg. Vi skal til nok ein kommune der det finst eit bryggjeri – ølbrygging står sentralt i dette landet også. Kommune er ein grensekommune og jamvel om språka i desse to landa høyrer til same gruppe – dei to einaste språka som gjer det no for tida (om ein da ikkje reknar ein av dialektane i dette landet som eit eige språk – det er nok nokon som gjer det) – har mykje vore annleis gjennom historia i dei to landa. I denne kommunen finn vi t.d. ei stor protestantisk steinkyrkje – det ser ein nok ikkje så ofte på hi side av grensa. Det er tre landsbyar i kommunen og ein av dei har same namnet som kommunen – her kan du besøkje heimen til ei av dei mest kjende forfattarinnene i landet – ei forfattarinne som har skapt ein figur som nok alle i dette landet kjenner, men som svært få har høyrt om i Noreg – i det heile er svært lite av litteraturen frå dette landet omsett til norsk. I kommunen ligg også ein gammal borghaug – for åtte hundre år sidan var det ei treborg her, med hovdingar som høyrde til same folket som alle dei andre innbyggjarane på den tida, men så kom framande og rana ti seg både makt og jord og etter det har landets eige folk i liten grad – med unntak av to periodar- den eina varar framleis – vore styrande i landet. | |
bearo | 2014-06-15 01:21 | |
![]() | Sjølvsagt drakk vi Eggenberg i vesle, vakre Cesky Krumlov då vi tenkte på fjærkre. Vltava flomma over ifjor, og Hostel nytta trange smug i byen som filmlokasjon. | |
eskhh | 2014-06-15 16:24 | |
![]() | Er eg på blåbærtur om eg bevegar meg mot ein av dei baltiske statar ? | |
Niillas | 2014-06-15 18:04 | |
![]() | Du er på rett kurs. | |
eskhh | 2014-06-15 19:16 | |
![]() | Latvia, Daugavpils, borgen kan då vera Dinaburg, slit med kvinneleg forfattar, Astazija? | |
eskhh | 2014-06-15 19:23 | |
![]() | Beklagar; Aspazija:-) | |
Niillas | 2014-06-15 19:56 | |
![]() | Du er i rett land, men ikkje på rett stad. Daugavpils er den nest største byen i Latvia - vi skal til ein liten kommune med litt over 4000 innbyggjarar - og tre små landsbyar. Aspazija er ei av dei to mest kjende kvinnene i latvisk litteratur på slutten av 1800-talet og eit godt stykke inn på 1900-talet - det var den andre som budde i ein av desse landsbyane. | |
eskhh | 2014-06-15 22:55 | |
![]() | OK, nytt forsøk, Dobele, forfattar Inese Zandere | |
Niillas | 2014-06-15 23:12 | |
![]() | Du nærmar deg, men Inese Zandere lever framleis - og vår forfattar har vore død i mange tiår. Dobele er heller ikkje ein grensekommune jamvel om det ikkje er så veldig angt til grensa. For å koma til grensa mot landet i sør må du gjennom ein annan kommune - og der er målet vårt. | |
eskhh | 2014-06-16 09:45 | |
![]() | Kan ikkje gje meg no, Tervete? forfattaren kan i såfall vera Anna Brigadere | |
Niillas | 2014-06-16 12:31 | |
![]() | Da har du komme fram til rett stad - Anna Brigaderes heim er open for publikum - og i skogen rundt heimen hennar kan du oppleva verda til Spriditis - ein gut som alle latviske ungar kjenner frå bøkene til Brigadere. På den andre sida av grensa ligg det katolske Litauen - eit land med ei heilt anna soge når ein ser bort frå den sovjetiske okkupasjonen - enn Latvia jamvel om både litauisk og latvisk (og latgallisk - eller høglatvisk) er baltiske språk. God tur vidare! | |
eskhh | 2014-06-17 16:53 | |
![]() | Jobbar med å koma meg vidare, mellom maling og vedhogst på hytta, og av og på nett-tilgang!. Skal gjera eit skikkeleg forsøk i kveld :-) | |
eskhh | 2014-06-17 21:22 | |
![]() | Då prøver me oss vidare. Me skal til ei idyllisk lita bygd, har tidlegare vore kommunesenter, med same namnet som kommunen den gong, er no berre ei lita bygd i ein større kommune. Bygda har ei kyrkje, steinkyrkje, truleg av gode grunnar - forrige kyrkja vart historie på ein spesiell måte på ein spesiell dag! Elles kan det vera lurt å fylgja i fotefara, eller rettare fedrenes fotefar, til ein høgaktuell diktar. | |
aprilblue - Ikke medlem lenger | 2014-06-19 11:26 | |
![]() | lom??? | |
eskhh | 2014-06-19 12:09 | |
![]() | Rett land:-), kan leggja til at i den vesle bygda finn ein eit lite museum for ein spesiell type fottøy!, og går ein litt attende i tid var ein avhengig av båt for å koma seg ut i verda. | |
Niillas | 2014-06-19 21:51 | |
![]() | Hosanger? | |
eskhh | 2014-06-19 21:55 | |
![]() | Blink igjen:-), god tur vidare | |
eskhh | 2014-06-19 22:01 | |
![]() | Far til Henrik Wergeland var fødd på Hosanger, 2. Juledag 1795 brann kyrkja av tre ned, etter eit lynnedslag, i og med at Hosanger ligg på ei øy- kjekt med båt:-), og og ei av dei mange småbedriftene som Osterøy og Hosanger var( og er) kjend for var ein treskofabrikk! no museum. | |
Niillas | 2014-06-19 22:20 | |
![]() | Vi skal til ein annan stad der fottøy av ein spesiell art har vore viktig – framleis i namnet, men nye tider og nye kostnader gjer at fottøyet ikkje har fysisk tilknyting til staden lenger. Ein gong låg staden ganske sentralt – rett ved hovudfartsåra – og det var vel ein av grunnane til at ein institusjon vart lagd dit for snart hundre år sidan – ein institusjon som – om ikkje akkurat blømer – så i ale fall enno er ein institusjon – og han ligg på same staden som han alltid har lege. Eit slags sølv har vore svært viktig inntektskjelde for staden – og det førte mykje pengar og folk til staden så kyrkja er atskillig mykje større enn ein skulle venta seg når ein ser på folketalet. «Sølvet» prega til tider miljøet så sterkt at ein del syntes det kunne vera ubehageleg slik i kvardagen. Elles kan nemnast at ein av våre største diktarar var knytt til staden – og han har også nemnt ‘sølvet’ i sine skrifter. | |
Cygnus | 2014-06-20 09:39 | |
![]() | Nesna? | |