Spillrom
Sjiraffen | 2 |
Krokodillen | 0 |
Elefanten Turneringsrom | 0 |
Innloggede | 2 |
Mobilspill
Pågående | 8 915 |
Forumkategorier
Brukere | Innlegg | |
---|---|---|
GreteSB | 2015-04-13 10:10 | |
Rett svar iflg. Erik. Værsågod, Niillas, fortsett reisen. | ||
Niillas | 2015-04-13 10:21 | |
Opphavleg ei av tre systrer – i dag ein del av ei av åtte. Dei tre systrene står og stirer i kvar si retning både dag og natt sentralt i området til ei av systrene. Ikkje mykje er att frå stordomstida med kontakt med fjerne land og rike, berre éi verksemd som lagar noko dei har laga i mange generasjonar – ikkje heilt på same vis som før og ikkje akkurat til same bruk, men likevel er det det same dei lagar no som før. Og ingen av systrene har eldre verksemder enn denne å vise til. | ||
sweb | 2015-04-13 11:33 | |
Er det Nordland og Alstenøya eller Alstanøya | ||
Niillas | 2015-04-13 11:44 | |
Nei - dei tre systrene er menneskeskapte. | ||
Niillas | 2015-04-13 11:45 | |
I alle høve dei som står og ser. | ||
sweb | 2015-04-13 12:10 | |
Hmm Irland? | ||
Niillas | 2015-04-13 12:23 | |
Nei - du var i rett land i det fyrste framlegget ditt, men ikkje i rett fylke og ikkje i rett landsdel. | ||
Niillas | 2015-04-13 13:09 | |
Midt på attenhundretalet blømte ny industri her - og dei laga varer som vart laga mange stader i landet på den tida - et var vel klimaet som gjord slik produksjon nødvendig - i dag blir nok desse varene oppfatta meir som eit trugsmål mot klimaet. Denne bedrifta var dominerande her - og det varte - med mange nødsskrik - til ut i siste halvdel av det førre hundreåret. Framleis ligg mange av bygnadene der - men ei samla verksemd slik det var i over hundre år, er det ikkje lenger. Næringspark heiter det visst i dag. | ||
auau | 2015-04-13 14:00 | |
Lurer på om vi skal til Oslo-området, hvor muligens Skule Vaksvik har et ord med i laget? | ||
Niillas | 2015-04-13 14:20 | |
Det spørst kor stort du meiner Oslo-området er - ein del her vil nok ikkje meine dette er ein del av Oslo-området - men for folk som ikkje bur her, er det kanskje det. Det har på sett og vis noko med Skue Waksvik å gjera, men ikkje direkte. Han som har laga dei tre systrene, har studert ved same institusjon som Waksvik, og læraren til Waksvik var elev av same lærar som mannen bak dei tre systrene. | ||
Niillas | 2015-04-13 15:07 | |
I statistikksamanheng blir visst staden rekna som ein del av Stor-Oslo-regionen, men i mitt ligg det ikkje i Oslo-området. | ||
auau | 2015-04-13 15:33 | |
Jahavisst, nei! Dette berst nok på ein annan kant enn eg trudde. | ||
Niillas | 2015-04-13 15:56 | |
i mitt --> i mitt hovud :-) | ||
Cygnus | 2015-04-13 16:16 | |
Men laget ikke skule waksvik 3 søstre? | ||
sweb | 2015-04-13 17:25 | |
Bogstad? | ||
Niillas | 2015-04-13 18:42 | |
Dei tre systrene Egeberg på Bogstad som Waksvik har foreviga, var tre systrer av kjøt og blod. Våre tre systrer er bilete på tre geografiske område - og bilethoggaren er litt eldre enn Waksvik. Dei tre systrene på Bogstad ser i same retning - våre systrer står med ryggen mot kvarandre og ser mot kvar sitt område. Eg er forresten ikkje heilt sikker på om dei står der dei skal stå - dei har vore vekke ei stund av di det skulle gjerast ein del der dei står. Eg trur dei er på¨plass att, men eg har ikkje sett etter på ei stund. Dei står på eit område der det har vore gjort ganske mange endringar i dei siste åra - endringar dei aller fleste vil meine har gjort området til ein vakrare plass. Men vår plass - den eine systera - ligg litt lenger sør enn der dei tre systrene står. Og namnet tyder på at staden ligg ned mot vatn. | ||
Niillas | 2015-04-13 18:48 | |
'Søraust' er vel meir rett enn 'sør'. | ||
tovas | 2015-04-13 23:55 | |
Skal vi til Tangen? Tre bydeler,skulptur av per Hurum ( Strømsø, bragernes og Tangen),her finner vi seilmaker Høeg og Tangen næringspark,tidligere Drammen jernstøperi. | ||
Niillas | 2015-04-14 07:04 | |
Du har komme til rett stad. Tangen var ein av tre bydelar i det gamle Drammen - i dag ein del av Tangen/Åskollen - ein av åtte bydelar. God tur vidare! | ||
tovas | 2015-04-14 17:32 | |
Vi drar til et gammelt og godt bevart industristed,her lå bl a en fabrikk som produserte papir av høyeste kvalitet,brukt i dokumenter og sedler,produksjonen ble lagt ned først på åttitallet etter nesten to hundre års drift. Direktørboligen er blitt museum,og her arrangeres sommerkonserter utendørs. Antageligvis ikke med værforbehold,selv om nedbørsstatstikken skulle tilsi det:) | ||