Spillrom
Sjiraffen | 16 |
Krokodillen | 0 |
Elefanten Turneringsrom | 0 |
Innloggede | 16 |
Mobilspill
Pågående | 8 808 |
Forumkategorier
Brukere | Innlegg | |
---|---|---|
Niillas | 2015-06-19 21:51 | |
![]() | Ja - bearo kom fram til rett by, Stuttgart. 'Stute' tyder hoppe, hoesel eller hokamel - og det var vel helst hestar dei dreiv ned i Stuttgart - Stuttgart har altså namnet sitt frå eit stutteri som fanst her ein gong. Jødar hadde ikkje tilgjenge til Württemberg, men jødar fekk likevel arbeide som handelsmenn ved hoffet - og ein av dei - Joseph Ben Issachar Süßkind Oppenheimer - vart offer for eit justismord, sett i bur til offentleg beskuing og avretta. Etter avrettinga vart han på nytt plassert i buret, og der var han i seks år til offentleg beskuing. Seinare vart lagnaden hans brukt av nazistane i antijødisk propaganda. | |
bearo | 2015-06-23 08:08 | |
![]() | Ber om orsaking. Eg dro på tur, og glemte av det her. Eg befinn meg på ein stad som etter legenda fikk sitt navn på grunn av at sletta den ligg ved vart brukt som gravstad under svartedauden. Ikkje langt fra her, i samme bydel, ligg ein plass som har betydning for korleis vi tenker tid rundt om i verda. I vår stad går startskuddet for eit av verdas mest kjende løp. | |
Cygnus | 2015-06-23 20:19 | |
![]() | Er du i London, bearo? | |
Cygnus | 2015-06-25 20:54 | |
![]() | Hvor er bearo, tro? | |
Cygnus | 2015-06-25 20:54 | |
![]() | Hvor er bearo, tro? | |
bearo | 2015-06-29 19:31 | |
![]() | Vi skal altså til ein stad i ein by(del). Lat oss kalle det ein bylandsby. Av det sjarmerande slaget. Med hus i ein stil som har fått sitt navn fra den rådande monarken på byggetida. Forlet vi vår lille landsby i storbyen for å gå tur gjennom ein flott park med både hjort og ekorn og blomar og trær, kjem vi til ein stad som deler verda i to. | |
Cygnus | 2015-06-29 20:04 | |
![]() | Jamen fu svarte ikke på mitt spørsmål om vi var i London!! | |
bearo | 2015-06-29 23:24 | |
![]() | Ja, stundom må ein slå ned på anarkistiske opprør som forsøker å overprøve spørsmålsstillers rett til å dele ut hint som den ser høvelig. Vi er i ein britisk hovedstad. | |
Cygnus | 2015-06-29 23:40 | |
![]() | Pøh! | |
Niillas | 2015-07-01 17:00 | |
![]() | Sjølvsag6 veit Cygnus kor vi er, men det kan jo vera greitt å få inn andre tenkjer ho vel. Eg er samd, men tenkjer samstundes at det kan vera greitt å komma vidare. Ettersom eg veit at Cygnus ikkje er så veldig glad i å laga oppgåver, gissar eg på at vi er i Blackheath . | |
Cygnus | 2015-07-01 18:32 | |
![]() | ;) | |
bearo | 2015-07-01 19:37 | |
![]() | På høg tid å kome seg vidare ja. Vi er i Blackheath, der det seias at dei svarte fuglane forar seg på store marktilkomstar på grunn av svartedaudsgravene. Gjennom parken kjem vi til Greenwich der vi reknar våre tidssonar fra og øst skillas frå vest. London maraton startar i denne lille, viktorianske "landsbyen". Her er også ein av tre "grunnpillarar" for slittinga av rugby og fotball - rugbylaget Blackheath Football Club. | |
Niillas | 2015-07-01 19:44 | |
![]() | I dag har eg vore på ein stad som ligg mellom 800 og 900 meter over havet. Ein kan køyre eit stykke oppover og ta pendelbuss dei siste metrane. Men trass at vi ikkje er på protestantisk jord, får ein slite seg fram i sitt ansikts sveitte – særleg når ein eigenleg ikkje har noko på denne staden å gjera som kan auke nasjonalbudsjettet eller vera produktivt på anna vis. På veg opp er det få å sjå, men vel oppe, er ein omgitt av masse menneske og mange tungemål. Og sanneleg viser det seg at staden på sett og vis er to tredelar protestantisk likevel trass i at han ikkje ligg i eit område der ein skulle vente slikt. Årsaka er at slekta som har halde til her, delte seg ein gong for lenge, lenge sidan og ein del vende seg etter kvart vekk frå den gamle trua. Når dei så skulle byggje opp att noko her oppe som strengt tatt ikkje trengst lenger slik det ein gong trongst – og difor hadde fått forfalle i ro og fred fram til ein gong for godt over hundre år sidan, fordelte dei to slektsgreinene kostnadene mellom seg – 1/3 på dei som hadde halde seg i området, og 2/3 på dei som hadde funne makt og ære i meir evangeliske område. Og difor er det to kapell her må vita, eit for kvar slektsgrein. Ingen av greinene har vel særleg mykje makt lenger, men eigedomar har dei og dei har det stått strid om lenge – ikkje alle arvereglar verkar like innlysande fornuftig i dag som dei i si tid kanskje gjorde. | |
Cygnus | 2015-07-03 22:43 | |
![]() | Er Habsburgerne involvert her, eller er vi nærmere? | |
Niillas | 2015-07-04 00:57 | |
![]() | Du treng ikkje dra fullt så langt som til Wien. | |
Niillas | 2015-07-06 09:40 | |
![]() | Ein tanke lenger nord og eit stykke lenger vest. | |
Cygnus | 2015-07-13 12:32 | |
![]() | Jeg står helt fast - er det noe som kan hjelpe oss, Niillas?? | |
Niillas | 2015-07-13 19:25 | |
![]() | Vi er på ei høgd som visstnok blir kalla eit inselberg på fagspråket til geologane. Kanskje ikkje så rart at fagspråket har eit tysk ord for fenomenet. Om det er ein ås eller eit fjell, er vel ikkje heilt godt å seia. I dag ligg det altså ei borg på toppen, men borga er ikkje så gammal som ein kanskje skulle tru jamvel om det truleg vart oppført ei borg her på 1000-talet. Borga ligg relativt høgt - og namnet på fjellet/åsen fortel også at dette er eit høgt punkt i landskapet - namnet tyder visstnok høghøgda. Og namnet på høgda har så gjeve namn til den slekta som var den mektigaste i landet fram til for nesten hundre år sidan. I dag er det vel så som så både med makta og æra, men framleis har dei nok av eigedomar - og det har vore ei kjelde til ein årelang rettstvist. No er visst saka formelt sett løyst. | |
Cygnus | 2015-07-13 21:25 | |
![]() | Da antar jeg slekten må være Hohenzollerne? | |
Niillas | 2015-07-13 23:57 | |
![]() | Det er rett, og staden vi er på, er fjellet Hohenzollern - eller som folk her gjerne seier, Zollerberg eller berre Zoller. Da får du føre oss vidare, Cyprus. God tur! | |