Spillrom
Sjiraffen | 13 |
Krokodillen | 0 |
Elefanten Turneringsrom | 0 |
Innloggede | 13 |
Mobilspill
Pågående | 8 808 |
Forumkategorier
Brukere | Innlegg | |
---|---|---|
Niillas | 2016-02-01 10:04 | |
![]() | Boka - eller bøkene. Det var opphavleg to -ofte utgitt saman. Det var det fyrste bandet som kom ut på ny på norsk i fjor. | |
eskhh | 2016-02-01 13:45 | |
![]() | Kan det vera at me skal til Sveits? | |
Niillas | 2016-02-01 14:07 | |
![]() | Heilt rett - vi skal til Sveits. | |
eskhh | 2016-02-01 14:41 | |
![]() | Då trur eg me reiser til Hirzel, Johanna Spyri med sine bøker om Heidi kan vera den eine kvinna, den andre slit eg med,- er spent på ho! | |
Niillas | 2016-02-01 15:27 | |
![]() | Johanna Spyri var frå Hirzel, men ikkje Heidi så vidt eg veit. Ho forlet den vesle byen vi skal til, saman med tante Dete for å gå til setra der bestefaren bur - setra ligg nok også i kommunen med same namn som byen, men ikkje i sjølve byen. Det er bygd opp ei seter som blir kalla Heidialp på ein stad der ein tenkjer seg at Heidi og bestefaren har butt, og i byen heiter sjølvsagt eit av hotella Swiss Hotel Heidi. Og området vert kalla Heidi-Land i marknadsføringa. Kommunen ligg lenger sør og lenger aust enn Hirzel - og han grensar som nemnt mot to land der tysk er offisielt språk. | |
Niillas | 2016-02-01 15:37 | |
![]() | Det er altså Heidi - og ikkje Spyri som er den eine av dei to kvinnene. | |
eskhh | 2016-02-01 15:48 | |
![]() | Kva med Maienfeld, og Hortensia von Moos? | |
Niillas | 2016-02-01 16:06 | |
![]() | Da er du komen til rett plass. Hortensia Gugelberg von Moos, fødd i Maienfeld i 1659, død same stad 1715, var ei kjend naturvitskapskvinne og feministforfattar. God tur vidare, eskhh! | |
eskhh | 2016-02-01 17:03 | |
![]() | Då dreg me vidare, og sjølv om byen me skal til er større enn den me dreg frå, snakkar me framleis om ein liten by. Byen er gamal, svært gamal, og har opplevd oppgang og nedgang under vekslande styrer. To ferdselsårer møtes her, og dannar eit fenomen som tidlegare var til fare for trafikken her. Her finn ein både ei borg og eit tårn, tårnet med ei heftig historie - nei rettare eit sagn knytt til seg. Elles tenkjer ein gjerne på ei stor kvinne i samband med byen, dei kan ikkje skryte på seg å vera fødestaden, men ho døydde her. No lever dei av deg og meg som kjem på besøk, og kanhenda kosar me oss også med eit lokalt produkt! | |
Cygnus | 2016-02-02 10:43 | |
![]() | Hmm! Artig oppgave, men det står helt stille i hodet mitt! Kan vi få et lite hint kanskje til å hjelpe oss litt på vei? | |
eskhh | 2016-02-02 14:18 | |
![]() | Klart det :-), har nok vore litt knipen på gode spor! Om ein har god tid, kan ein gå til neste mål, nord- nordvestover. Ferdselsårene det er snakk om er av det våte slaget. | |
Niillas | 2016-02-02 18:19 | |
![]() | Kan du vera i Bingen? | |
eskhh | 2016-02-02 19:02 | |
![]() | Det er eg:-), me snakkar sjølvsagt om Hildegard von Bingen, Rhinen og Nahe er elvene, og tårnet er det såkalla 'musetårnet' på ei klippe i Rhinen. God tur vidare! | |
Niillas | 2016-02-02 19:36 | |
![]() | Vi har kome sjøvegen til ein stor og viktig hamneby ved munninga av ei lang, lang elv. Også i denne byen har ei kjend vitskapskvinne levt og verka – ho vart fødd her og ho døydde her. Lenge, lenge før Hildegard frå Bingen såg dagsens ljos. Ein av dei mest kjende politikarane i moderne tid var fødd i byen – og han døydde eit lite stykke lenger sør. | |
eskhh | 2016-02-02 20:15 | |
![]() | Deler kvinna navn med ei dronning? | |
Niillas | 2016-02-02 21:26 | |
![]() | Ikkje som eg veit, men fleire objekt i verdsrommet har namn etter henne. | |
Cygnus | 2016-02-02 21:52 | |
![]() | Er du i Egypt? | |
Egentia | 2016-02-02 21:52 | |
![]() | Er vi i Polen ? | |
Niillas | 2016-02-02 22:29 | |
![]() | Ja, Cygnus - eg er i Egypt. | |
Cygnus | 2016-02-02 22:32 | |
![]() | Tenkte meg det ja ! | |